torsdag 8. mars 2012

Novelleoppgåver

OPPGÅVE A
Øyeblikk 1: Du sitter på bussen på veg heim fra skolen en ettermiddag. Du er trøtt etter en slitsom dag på skolen, og du ønsker at det skal være stille rundt deg. Men så kommer to eldre damer på, og setter seg på setene rett bak deg. De er av den meget pratsomme sorten.

Augo sig sakte igjen og mørket kjem sigande mot meg. Eg oppheld meg i et tomt mørke og ikkje ein einaste ljod. Alt er heilt stille i eit tomt rom.  I ein brå bevegelse blir kroppen slengt mot det harde glaset. Augo sprett opp. Eg kastar eit raskt blikk rundt meg. Får oversikt over situasjonen. Før eg endeleg skjønar at verdast mest grinete bussjåfør har tatt en brå sving kunn for å vekkje meg. Spegelen like ved han avslører han. Dei skeive tennene lyser opp det likbleike andletet, men mest av alt, dei raudgløde augo som svir seg inn i huda når han ser på deg.

Eg blir kastet framover. Og det er like før eg fell av setet, og nesten bykser over setet framfor meg. Igjen blir eg slengt tilbake i sete. Eg pustar letta ut. Nok ein gong har eg overlevd eit mordforsøk frå djevelen sjølv som sitt bak rattet.

Heilt utslitt etter kampen om livet sett eg meg komfortabelt i setet. Ryggen godt pressa mot den myke stolryggen og forsiktig legg eg hovud litt på skakke og lukkar augo. Forsvinn inn i det stille mørke som legg seg over meg.

Det riv i øyra, eit forferdeleg skrål trenger seg inn i hovudet mit. Eg blir revet bort frå stranda. held hardt fats i palmen ved sia av meg, men eg må gi etter. Raskt tar eg henda opp mot hovudet. Held dei over øyra for å stenge ut dei buldrande og irriterande ljodane. Dei kryp innover i meg og riv i hjernen. Stranda forsvinn sakte, eg blir dratt ut av draumen.

Irritert kiker eg raskt opp mot spegelbilete av bussjåføren i spegelen. Men det lyser ikkje frå augo hans no, han sitt ikkje og venter på at eg skal reagere etter vekkinga. Likevell skjønner eg fort kva det er som vekte meg.

To sølvgrå hårdottar nikker fram og tilbake, og det kjem ugjennomtrengjelege ljodar frå setane bak meg. Ikkje nok med at disse eldre damene snakkar høgt, dei har også eit langt liv å fortelje om. En kontinuerleg kakling kjem ut av munnane deira, og innimellom brasar dei ut i latter. En onskapsful hekselatter som trenger seg inn i hovudet. Det stille og mørke rommet har forsvunne. Eg finn ikkje den fredfulle stranda kvar bogane slo mot stranda. Kvar palmane svaia i den friske vinden og sola varma dei kvite kinna mine.

Det svir i augo og alt eg ynskjer er å lukke dei, forsvinne til ein stad kvar alt er roleg. Men eg finn han aldri. Eg går og går, men kjem aldri til døra. Døra som skal vise meg vegen til stranda mi.


OPPGÅVE B


Hun sitter ute på en holme. Det blåser kraftig, og hun er svært redd.

Bogane er svarte. Dei kastar seg over berget, slår hardt ned og lagar en buldrande ljod. Druknar det med det kvite skummet. Tar med seg alt det kjem over, og dreg det ut tilbake i mørket. Kjem så at. Denne gongen enda stør, enda kraftigare og er enda meir sultan etter eit bytte, som han kan ta med seg til det bitande havet. Bogane driv ein hard kamp med vinden. Det er om å gjere og ta med seg mest. Rive og slite i det. Vinden angrip det vesle treet på holmen. Tar tak i kvart einaste blad, riv det av, og leiker med det, kaster det fram og tilbake.

Håret piskar henne i andletet. Kroppen skjelv. Vinden riv i den vesle kjolen ho har på seg. Dei små armane brukar ho til å halde hardt i føtene. Det brenn i brystet. Halsen er tørr, men ho fortsett å rope. Ho lagar så høge ljodar som ho aldri har laga før. Bare om nokon hadde høyrt ho. Bare om mor høyre ho. Eller om ho kunne halde rundt ho med dei store varme henda sine.

Kinna er våte, tårane akar ned dei fløyelsmyke kinna. Alt er vått. Tårane fortsett å trille. Nedover kinna, rundt den opne munnen som ropar, og til sist ned til haka, kvar dei tar sats og hoppar utfor kanten.
Ho kjenner ein enorm dundring i brystet. Raske slag frå innsida av kroppen. Kuldebogar brer seg frå dei små føtene og opp til nakken. Fer igjennom henne som eit lyn. Lufta blir vanskelegare å puste inn. Det knyter seg i halsen og hjarte dundrer meir. Snøggare. Høgare. Kulden fer snøggare igjennom kroppen. Ho er einsam på holmen. Aleine. Tårane fortsett å trille, medan ho ropar enda høgare. Ho ropar om hjelp.


Pizzaen smakte godt.

Den fyldige smaken brer seg i munnen. Snokar seg mellom alle tenna og leker med smakssansane. Får spyttkjertlane til å auke produksjonen slik at eg enda betre kan kjenne på ho. Den myke osten som ligg som eit lokk stryker ganen. Dei fyldige kjøttbitane skvisar seg mellom tennene. Bunden skrapar seg langs lunga. Smaken er der framleis, men er på veg til å gli ned i den slutne halsen. Eg gjer eit nytt tygg. På nytt så kjem ho. Tomatsausen fer som en boge igjennom munnen. En himmelsk smak som brer eg frå munnen og helt til tuppen av stortåa. Den herlege smaken av pizza.